Luster Sparebank Mobilbank
iPhone / Finance
Gjer kvardagen enklare med mobilbank frå Luster Sparebank. Innlogging med anten ansiktsgjenkjenning eller sjølvvalt 4-sifra kode gjer det lett å få full oversikt i farta.
I mobilbanken kan du
• Sjekke saldo og siste bevegelsar på alle kontoane dine
• Overføre mellom eigne kontoar
• Betale rekningar, med og utan KID
• Behandle eFaktura
• Sjå forfallsregister
• Hente PIN-kode og endre regionsperre på bankkort
• Sperre bankkort og BankID
• Få ei oversikt over låna dine og gjere ekstra innbetalingar
• Sjå fonda og aksjane dine
• Sjå forsikringane dine
• Sende og motta meldingar til/frå banken
• Få varsel når du mottek brev frå banken
Aktivering og innlogging
Når du har lasta ned og installert appen, må du identifisere deg. Du kan identifisere deg ved bruk av BankID eller kodebrikke og passord.
Under aktiveringa vel du ein 4-sifra kode. Koden vert nytta til innlogging i mobilbank og til signering. Me anbefalar at du lagar ein anna kode enn den du brukar for å låse opp telefonen. Støttar telefonen din ansiktsgjenkjenning, kan du nytte dette til innlogging og signering framfor koden.
Hopp inn i nettbanken
Ved å gå i mobilbanken sin hovudmeny og velje "Andre tenester" og "Alle tenester", får du tilgang til same funksjonalitet og meny som i nettbanken.
Treng du hjelp?
Kontakt oss på telefon +47 57 68 27 00 eller send oss ein e-post til post@luster-sparebank.no, så hjelper me deg.
Quoi de neuf dans la dernière version ?
• Forbetringar og feilrettingar