
Voss Sparebank Mobilbank
iPhone / Finance
Gjer kvardagen enklare med mobilbanken frå Voss Sparebank. Du kan sjekke saldo, overføre mellom eigne kontoar, betale rekningar og handsame eFaktura medan du er på farten. Pålogging er forenkla med bruk av 4-sifra kode eller biometri.
Aktivering
Når du har lasta ned og installert appen, må du identifisere deg. Du kan identifisere deg med:
•BankID
•Kodebrikke og passord
Under aktiveringa vel du ein 4-sifra kode. Me tilrår at du lagar ein annan kode enn den du brukar for å låse opp telefonen. Koden vert nytta til pålogging og til signering. Støttar telefonen din biometri, kan du nytte fingeravtrykk eller ansiktsattkjenning til innlogging og signering.
Logg inn
Du loggar inn i mobilbanken med fingeravtrykk, ansiktsattkjenning eller den personlege 4-sifra koden du valde under aktiveringa.
Menyar
Mobilbanken inneheld 2 menyar.
•Hovudmeny
•Funksjonsmeny
Hovudmenyen finn du øvst i venstre hjørna. Her har du tilgang til dei fleste tenestene i mobilbanken. Funksjonsmenyen får du opp ved å trykke på ein av kontoane i kontolista, og du får opp val knytta til kontoen, som "Betale", "Overføre" m.m.
Dette får du tilgang til i mobilbanken
•Kontoliste med alle kontoane dine
•Kontoliste med alle kontoar du disponerer
•Siste transaksjonar på konto
•Overføring mellom eigne kontoar
•Betale rekningar, med og utan KID
•Betale, godkjenne, endre eller slette eFaktura
•Forfallsovrsikt
•Hente PIN-kode på kort
•Endre Regionsperre
•Sende og motta melding til/frå banken
•Varsel om eFaktura, meldingar og doukument frå banken
Quoi de neuf dans la dernière version ?
• Forbetringar og feilrettingar